Rotorfoto er eit alternativt konsept innan "flyfotografering".
Etter avtale med kunde, som er forberedt på fotografering, og med flyhøgde frå 5 til 100 meter er grunnlaget lagt for ei vellukka fotografering. Utan restrikasjona for flyhøgde, kan me få til bilete med bedre vinklar, og som er meir "intime" enn tradisjonell flyfotografering.

Med assistanse frå ein video-link, veit piloten til kvar tid kva som er i søkjaren på det digitale fotoapparatet,og slepp dermed å ”knipsa” i blinde. Kundane kan samstundes sjå det same som piloten, på eigen skjerm. Dermed har og oppdragsgjevaren i samarbeid med piloten, høve til å påverke korleis bileta skal sjå ut.
Etter at utstyret er kome vel ned, tek ein minnebrikka ut or kameraet, set det inn i pc’n, og etter litt redigering, brenner bileta ut på ein cd.
Eg kan tilby:
Grunnpakke:
Ein cd med bildefilene som er tekne og brent på staden.Da kan du sjølv gjera kva som helst med bileta. Om du vil lagra dei på pc, skriva dei ut på eiga hand, eller senda dei til framkalling. Har du kanskje ikkje eigen pc, eller tilstrekkeleg kunnskap for å ha glede av denne cd’en.

Eg vil da tilby:
* Utskrifter med fargeskriver på fotopapir som eit rimeleg alternativ.
* Sende bilete til framkalling på skikkelig vis.
Rammebilete:
Eitt bilete skrive ut på fotopapir hjå Eurofoto i opptil 30x40cm størrelse. Rimelegaste alternativ der du sjølv kan velje ut bilete etter fotografering.